Rosegleda har eksistert lenge i Møre og Romsdal, der folket i mange slektsledd bakover har fryda seg over det dei klarar å få til mellom fjord og fjell.
Rosene ute på kysten har i tillegg fått leve liva sine ved sida av Golfstraumen, og nytt godt av denne gåva. Men eige regionlag av Norsk Roseforening fanst ikkje, før tre optimistiske stiftarar møttest i Molde i juni 2023 – no var vi klare til å skipe! Og kvar elles skulle det ha skjedd enn akkurat i Molde? Sjølvaste Rosebyen, der det enno blir fortalt om båtturistane på 1800-talet som vart møtt av dufta frå roser lenge før dei steig i land. Rosedyrkinga i byen har gått i bølgjer gjennom tidene. Men siste åra har det vore stor entusiasme for «verdas vakraste sak», og tusenvis av roser har vorte planta gjennom storstilt innsats frå kommune, innbyggarar og den nyskipa Rosebrigaden. Med det varsla besøket frå World Federation of Rose Societies i juli 2024 vart innsatsen skjerpa enno nokre hakk. Vi syns besøket vart vellukka, og kanskje er det rett å seie at byen no har fått tilbake mykje av si «fordums storheit» på rosesida. Innbyggarar og gjestar frydar seg like mykje!

THE PILGRIM
Foto: Svein Kongshaug

‘Louise Dahl of Molde’
Foto: Aud Irene Teilgård
Molderosene ligg omtrent i det geografiske midtpunktet i fylket, men rosegleda strekkjer seg både sørover og nordover, og lokalavdelinga har stort fokus på å nå ut til heile fylket med arrangement og aktivitetar. Styrerepresentasjon frå både Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal har vore fanesak frå starten, og så langt har vi lukkast godt med det. Til våren skal sekatørane skjerpast for eit besøk på Nordmøre, og til sommaren skal vi arrangere vår aller fyrste Rosenes Dag på søre Sunnmøre. Med tid og stunder håpar vi å nå ut med rosekjærleiken til kvar ein krik og krok i dette vakre fylket, for engasjement er smittsamt, og det gamle kinesiske ordspråket, her vakkert oversatt til svensk, lever vidare: «Det doftar alltid litet runt den hand som skänker rosor».

‘Brenda Colvin’
Foto: Aud Irene Teilgård

Frå samlinga i Brekkegarden
Foto: Nina Elisabeth Bøe
Lokalavdelinga er ei av ni lokalavdelingar i Norsk Roseforening. Du kan sjå alle lokalavdelingane her.


